Diagonale 2019

Diagonale er ein filmfestival som tek plass kvart år i den lille byen Graz sør i Austerrike. Studio Es har utforma identiteten til festivalen sidan 2016, og i 2018 var eg praktikant då arbeidet starta på 2019-identiteten.

Eg fekk vere med i heile prosessen for å definere vidareutviklinga, frå konseptarbeid til utforming av materiell for marknadsføring og informasjon, som brosjyrar og katalogar.

Mitt hovudbidrag til den ferdige identiteten er ei rekke animasjonar som set konseptet med sjatteringar i rørsle.

Laga for Studio Es, med Verena Panholzer som kunsterisk leiar.