Avgangsprosjekt

Avgangsprosjektet mitt frå bacheloren i grafisk design på Westerdals er delt i tre: eit variabelt skriftsnitt, ei poesibok og ei nettside med det føremål å kommunisere konseptet skriftsnittet er bygd på.

Prosjektet, med tittelen «Fonograf», prøver å kommunisere eit potensielt universelt trekk av muntlege språk: lydsymbolisme. Idéen er at lyder menneske lager når vi prater på ein måte relaterer seg til visse fysiske eller visuelle trekk.

I utforminga av skriftsnittet tek eg utgangspunkt i konklusjonane i forskinga som fins og omset det til eit typografisk formspråk. På nettsida gjer eg konseptet interaktivt, og lar det bli kommunisert igjennom brukaren si oppleving. I boka tydeleggjerast det ved valget av dikt som eg gjer. Nemleg Ursonaten, eit mesterverk av lyddiktning, av Kurt Schwitters.

Besøk nettsida
Det fulle alfabetet til Fonograf Black
Det fulle alfabetet til Fonograf Bold
Det fulle alfabetet til Fonograf Regular
Det fulle alfabetet til Fonograf Light
Det fulle alfabetet til Fonograf Thin
Omslaget på poesiboka Ursonaten
Bakre omslag på poesiboka Ursonaten
Eit av oppslaga i første del av poesiboka Ursonaten
Startoppslaget i tredje del av poesiboka Ursonaten
Eit oppslag i fjerde del av poesiboka Ursonaten
Siste oppslag i fjerde del av poesiboka Ursonaten