Anti-nazi-zine

Zinen «A Normal Person’s Guide to Internet Nazism» handlar om opphava til den moderne fascistrørsla på internett. Hausten 2016 starta folk å få auga opna til ei gruppe med fascistar. Dei omtalte seg sjølv som «alt-right» og omringa seg med lignande grupperingar med reaksjonære og konservative som var meir appetittleg for media og offentlegheita.

Handboka er samansett av ein tekst av ein av dei mest framståande figurane i rørsla, Andrew Anglin, redaktør i The Daily Stormer, den dåverande fremste eksplisitte nazistavisa på internett. Teksten skal samanfatte heile utveklinga av alt-right-rørsla.

I tillegg til teksten har eg skrive eit forord og ei heil rekkje «redaktørkommentarar» som peikar ut sjølvmotsigelsar, faktafeil og skrivefeil i teksten, samt tar ein humoristisk tone til den lave standarden teksten har.

Forsida.
Baksida.
Forordet.
Første side i zinen. Dokumentet er risografert i fire fargar. Alle biletane er tatt frå artikkelen på nettet.
Dokumentet er risografert i fire fargar: blå, gul, raud og svart. Bileta er tatt direkte frå nettsida kor bloggen er publisert.
Andre side av zinen. Forfattaren av den originale artikkelen skriv på ein måte som prøver å setje rørsla i best mogleg lys. Kommentarane eg skriv passar på at det ikkje skjer.
Side 12 i zinen. Påfallande er det at Ron Paul blir nemnt. Ser ein tilbake til 2012 kan ein sjå starten på den høgrevridde liberalistrørsla. Nærmaste parallell i Noreg er partiet Liberalistane.
Side 18 i zinen. Taktikkar som den her er kvifor det er viktig å arbeide mot fascistar i alle skritt.
Seksjonen «our memes» bør ikkje undervurderast. Her kan ein sjå taktikkane og retorikken for å kommunisere ideologien deira.
Dei tre parantesane har som kjend blitt tatt tilbake av jødar sjølv.
Denne seksjonen kan fint stå som ein tidskapsel, men berre det å skjønne korleis dei tenkjer når dei kommuniserar hjelper til å sjå når ein kjem over nyare «memes».
Denne seksjonen kan fint stå som ein tidskapsel, men berre det å skjønne korleis dei tenkjer når dei kommuniserar hjelper til å sjå når ein kjem over nyare «memes».
Framtidsseksjonen her kjem med eit poeng for kvifor dei har nådd so langt, og korleis dei kan nå lenger: kollektivisering. Det å kome saman som ei gruppe som er enig om verdensbiletet sitt. Det er mye makt i det.
Heldigvis har dei mista mye av det dei hadde. Dessverre ser ein fascistar og protofascistar i aukande grad i maktposisjonar.